Konsensus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Konsensus er eit viktig omgrep i moderne vitskapsteori som har to vanlege tydingar. Den eine er ei generell semje blant medlemmene i ei viss gruppe eller samanslutting, til dømes fagfolk innan eit avgrensa fagområde, der kvar av dei bidreg i eit visst monn ved avgjerds- og oppfølgingsprosessar. Den andre er ein teori og ein praksis for å oppnå slik semje. Konsensus kan gje rom for ei viss usemje, men ho kan ikkje vere radikal.

Oppnåing av konsensus krev seriøs handsaming det kvart av medlemmene meiner. Så snart ei avgjerd er teken, er det viktig å stole på medlemmene sin klokskap når vedtaket skal gjennomførast. I idealtilfellet vil dei som ynskjer å gjennomføre eit tiltak ynskje å høyre dei som er imot det, fordi dei reknar med at den påfølgjande debatten vil forbetre konsensusen. I teorien vil det sjeldan skje tiltak utan at opposisjonen er avklara og utan merksemd for å hindre skade på personlege relasjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]