Kostenki
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kostenki er ein landsby i Voronezj oblast vest i Russland. Han er kjend for ei rekke funn etter moderne menneske frå eldre steinalder.
Nokre funn er dekka av eit oskelag frå vulkanutbrot i campanium for rundt 40 000 år sidan, slik at staden må ha vore busett før dette. Like over oskelaget blei nokre av dei eldste synålene vi kjenner funne.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Kostenki» frå Wikipedia på engelsk, den 19. august 2008.