Krakking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Krakking (engelsk cracking) er ein kjemisk prosess som vert gjort med restane etter raffinering av råolje. Det omfattar alle petrokjemiske prosessar der føremålet er å omforma store molekyl til mindre molekyl. Dette skjer ved termisk krakking, katalytisk krakking eller katalytisk hydrokrakking.

Tung olje med store molekyl blir varma opp, i nokre tilfelle under høgt trykk. Dette fører til at molekyla kolliderer hardare og oftare med kvarandre enn ved normale tilhøve. På denne måten riv dei kvarandre i mindre delar, og det blir danna nye molekyl med kortare molekylkjedar.

Ved termisk krakking spaltar ein store organiske molekyl til mindre gjennom oppvarming, og dobbelt- og trippelbindingar blir slik brote at sambanda blir metta. Det er vanleg å halde temperaturen ~800 o. Trykket skal òg vera høgt.

Krakking produserer meir av dei lette oljefraksjonane, som nafta og bensin. Prosessen etterlèt òg kol i fast form, såkalla petroleumskoks, som blir brukt til produksjon av industrielle anodear, eller som brennstoff i industrien. Produkta er oftast særs svovelhaldige, og inneheld òg ofte andre miljøgiftar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]