Kran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kran.

Kran er ei maskin som vert nytta for tunge løft. Typiske oppgåver er lasting og lossing av stykkgodt til/frå lastebåtar, av- og pålasting av lastebilar og jarnbanevogner, løft av materialar på byggeplassar, osb.

Krantypar[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange forskjellige typar kraner, tilpassa ymse oppgåver.

Tårnkran[endre | endre wikiteksten]

Tårnkraner i bruk på ein byggeplass.

Tårnkraner er utførte som eit svingbart tårn, med ein utliggar (bom). Både tårnet og bommen er laga av stålfagverk. På undersida av bommen er det plassert ei laupekatt som kan flyttast over heile lengda på bommen. Gjennom laupekatta går det eit ståltau som går ned til ei talje som er festa til ein krok.

Krana står som oftast på ei plattform med utstikkande støttelabbar som syter for god stabilitet. I tillegg er det i bakkant montert motvekter av betong.

Tårnkraner vert i stort mon nytta på byggeplassar, for å lyfta byggemateriale på plass. Dei har ein stor føremon med at dei tek lite plass.

Mobilkran[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Mobilkran

Mobilkraner er sjølvkøyrande kraner, som er lette å flytta mellom ulike arbeidsplassar. Dei er oppbygde med ein teleskopisk bom, som han hevast/senkast og skuvast ut og trekkast saman hydraulisk. Krana er montert på ei svingskive på chassiet og kan svingast heilt rundt.

Lastebilkran[endre | endre wikiteksten]

HIAB lastebilkran.

Lastebilkraner er kraner monterte på lastebilar, som vert nytta for lasting og lossing av tungt gods. Lastebilkraner er ofte monterte retta bak førarhuset, eller heilt bak på lastebilen. Tidlege lastebilkraner vart drivne av ein vinsj, men frå 1960-talet og utover har dei fleste kranene vore hydrauliskt drivne. Dei har \og ofte hydraulisk manøvrerte støttelabbar for å auka stabiliteten under arbeid. Kranene reduserer nyttelasten tilsvarande massen til krana, så mange lastebilkraner er utstyrte med snøggkopplingar, slik at dei enkelt kan monterast av og på.

Traverskran[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Traverskran
Traverskran i arbeid i Alppila i Finland.

Traverskraner er fast installerte kraner som vert nytta for å lyfta og transportera ting over korte avstandar. På hamner, til dømes, vert dei nytta for å flytta konteinarar, i fabrikkar vert dei nyttast for å flytta materialar og tunge gjenstandar. Mindre traverskraner som hansamar konteinarar er nokre gongar skenegåande, medan andre er sjølvgåande med gummihjul.

Kabelkran[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Kabelkran

Kabelkraner vert fyrst og fremst nytta innan skogbruk, for å henta ut tømmer i ulendt lende.

Flytekran[endre | endre wikiteksten]

Flytekran i Gdansk i Polen.

Flytekraner er kraner som er monterte på pontongar, skip eller lekterar. Dei kjem i mange forskjellige utførelsar og storleikar. Store flytekraner vert nytta ved montering av utaskjers installasjonar, som til dømes oljeinstallasjonar i Nordsjøen.


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]