Krigarrika-tida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over dei stridande rika, om lag 350 år før vår tid

Tida mellom 475 og 221 før vår tid vert i kinesisk sogeskriving kalla krigarrika-tida (kinesisk: 戰國時代 Zhànguó Shídài). Oppdelinga av tida mellom 770 fvt. og Kinas samling i 221 fvt. i to åtskilde periodar, kan sporast tilbake til Han-dynastiet.

Krigarrika-tida tok til etter at kongen av det austlege Jin-dynastiet miste makta og mange hertugar (gōng) sjølve tok kongetittel. Tidleg i perioden danna det seg 16 fyrstedømme. Om lag midt i perioden stod sju av kongerika sterke att, dei hine fyrstedømma var erobra av dei største. Etter mange år og langvarige krigar hadde Qin-riket, leia av Qin Shi Huang, samla Kina til eitt rike. Qin-samlinga av Kina vert av historikarane rekna som slutten på den kinesiske antikken, og byrjinga av tidsaldrane med keisar-dynasti.

Krigarrika-tida var, til liks med den føregåande perioden, Vår- og haustannaltida, ein tidsalder med omveltingar og forandringar. Tradisjonar vart omstøytte, nye tankar oppstod. Konkurransen mellom statane om betre teknologi, forvalting og idear førte til ei oppblomstring i filosofi, litteratur og vitskap. Handel og byar utvikla seg til storleikar som den gong var ukjende. Mange av dagens kinesiske byar vart grunnlagde i krigarrika-tida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]