Kristian Trægde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristian Trægde
Fødd29. juni 1915
Død13. februar 2006
NasjonalitetNoreg
Yrkemeteorolog

Kristian Trægde (29. juni 191513. februar 2006) var ein norsk meteorolog og vêrvarslar. Han kom frå øya Hille utafor Mandal.

Trægde verka som statsmeteorolog ved Meteorologisk institutt i tida 1962-1980. Han var ein av dei første meteorologar på fjernsyn i Noreg. Etter kvart tok han og del i fleire underhaldningsprogram på NRK. Trægde var i 1981 leiar for programmet "Klart det går!" på NRK fjernsynet. Han var ein populær TV-kjendis, og med sitt sjarmerande smil vart han på mange måtar eit symbol på «det blide sørland».

Otto Nielsen si revyvise «Kjære Trægde» alluderer til Trægde som meteorolog.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]