Kritisk tilstand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kritisk tilstand er ein tilstand (kombinasjonen av tilstandsvariablar) for eit stoff der væske- og gassfasane går saman i ein fase. I dette punktet har ein kritisk temperatur, kritisk trykk (òg kalla Krikondenbar) og kritisk tettleik. Under kritisk trykk har stoffet distinkte væske- og gass-fasar. Over kritisk trykk har stoffet tettfase.

Døme på bruk av dette er i naturgassindustrien, der ein gjerne vil halde trykket i røyrleidningar over kritisk trykk for gassen, slik at ein unngår tofase-straum (med blanding av gass og væske).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]