Krysslamming

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Krysslamming er ein sjukdomstilstand hos hest.

Innhaldsliste

Symptom [endre]

Ein hest med krysslamming blir stiv i bakparten. Ofte vil hesten helst ikkje røre seg. Ved meir alvorlege tilfelle får hesten brunsvart urin.

Årsaker [endre]

Det kan vere fleire årsaker til krysslamming. Hestar i hard trening kan vere utsett for krysslamming dersom dei vert ståande i ro utan at det vert kutta ned på foret. Sjukdomen kan ha samanheng med væskebalanse, og skal vere vanlegast i varmt vêr.

Rådgjerder [endre]

Hestar med krysslamming må ifylgje veterinærar ikkje flyttast. Hesten får tilført væske intravenøst, i tillegg til smertelindring.

Bakgrunnsstoff [endre]

Forus hesteklinikk om krysslamming hos hest