Krystallpalasset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fasaden til det opphavlege Krystallpalasset

Krystallpalasset (engelsk the Crystal Palace) var ein bygning av jern og glas i London. Den blei opphavleg bygga til verdsutstillinga i 1851, kor meir enn 14.000 utstillarar samla seg for å vise fram nyvinningar frå den industrielle revolusjonen. Bygningen blei teikna av Joseph Paxton og var 560 meter lang og 33 meter høg.

Etter utstillinga blei Krystallpalasset flytta frå Hyde Park til Upper Norwood, kor det blei utvida og stod frå 1854 til 1936. Sidan har Crystal Palace blitt definisjonen for denne delen av London.