Kunnskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Kunnskap er ei bevisst forståing av noko, og med moglegheita til å bruke han til ein bestemt hensikt. Moglegheita til å vita noko er ein sentral (og kontroversiell) del av filosofien og har si eiga avdeling, epistemologi (erkjenningsteori). På eit meir praktisk nivå er kunnskap noko som er felles og delt mellom ei gruppe av menneske og i denne samanhengen kan den bli manipulert og behandla på ulike måtar.

Kunnskap er informasjon kombinert med erfaring, kontekst, fortolking og refleksjon. Kunnskap er ein fornybar ressurs som kan bli bruka om og om igjen. Kunnskap kan bli definert ved å samanlikne eigenskapane til kunnskapen med eigenskapane til informasjonen:

  • Informasjon er fragmentert, kunnskap er plassert i ein mental vev der det er meiningsberande koplingar mellom nodane.
  • Informasjon kan overførast slik han er. Kunnskap må bli konstruert i ein vev av meiningsberande koplingar.
  • Informasjon treng ikkje vera kontekstualisert. Kunnskap er alltid ein del av ein større samanheng.
  • Informasjon har klarleik som vilkår. Kunnskap kan ikkje vera forutan intellektuelle utfordringar.
  • Meistring av informasjon kan visast gjennom reproduksjon. Meistring av kunnskap visest gjennom nyskapande bruk.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

  • Salomon, G. (2002). Tecnology and pedagogy: - Why don't we see the promised revolution. Educationa technology, 42(2), 71-75.
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.