Kunstløp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Europameistarar i 2007, Isabelle Delobel og Olivier Schoenfelder.
Kunstløparinna Madge Syers-Cave og ektemannen hennar under Olympiaden i 1908.

Kunstløp er skeiseløp der anten individuelle utøvarar, eller kvinner og menn i par eller i grupper, dansar på is i form av piruettar, hopp og andre øvingar, vanlegvis til musikk. Kunstløp er offisiell grein i vinterolympiadar, og det vert dessutan tilskipa verdsmeisterskap og andre internasjonale og nasjonale kunstløpkonkurransar.

Kunstløp vert òg synt fram som rein underhaldning i form av ofte store og påkosta framsyningar der mange profesjonelle utøvarar tek del.

Til kunstløp vert det nytta særleg utforma kunstløpsskeiser der skeisestålet har ei avrunda form i framkant.