Kvalsundbrua
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Kvalsundbrua | |
| Offisielt namn | Kvalsundbrua |
|---|---|
| Transporterer | Biltrafikk |
| Kryssar | Kvalsundet |
| Veg | |
| Stad | Kvalsund |
| Utforming | Hengebru |
| Lengste spenn | 525 m |
| Total lengd | 741 m |
| Seglingshøgd | 26 m |
| Opna | 1977 |
Kvalsundbrua er ei hengebru som kryssar Kvalsundet mellom fastlandet og Kvaløya i Kvalsund kommune i Finnmark. Brua vart opna i 1977 og er 741 meter lang. Hovudspennet er 525 meter. Tårnhøgda er 81 meter på Kvalsundsida og 97 meter på Stallogargosida. Seglingshøgda er 26 meter, og brua har i alt 11 spenn. Brua er ein del av riksveg 94.
Kvalsundbrua vart laga etter teikningar av Skjomen bru i Nordland. Avvik i bygginga gjorde hovudspennet nokre centimeter lengre, og brua vart slik den lengste i Noreg fram til Skarnsundbrua opna i 1991.
Bakgrunnsstoff [endre]
Denne artikkelen byggjer på «Kvalsundbrua» henta frå Wikipedia på bokmål 5. mars 2008.