Lamberts cosinuslov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lamberts cosinuslov eller Lamberts lov for lysemisjon seier at når det sendast ut lys frå ei flate, er lysstyrken frå eit lite flateelement i ei bestemd retning lik lysstyrken vinkelrett ut frå flateelementet gonger cosinus til vinkelen mellom flatenormalen og den retninga ein ser på.

Lova uttrykkjer at lysstyrken av eit flateelement i ei bestemd retning er proporsjonal med den tilsynelatande storleiken av flateelementet når det vert sett frå denne retninga. Ikkje alle lekamar strålar overeins med Lamberts lov.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]