Lars Myrold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Myrold
Fødd13. mars 1915
Eid
Død26. mai 2002 (87 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, bonde
VervOrdførar i Eid 1972–1983
FøregangarPer Roti
EtterfylgjarKnut Hildenes
Alle verv
  • ordførar i Eid Sjå dette på Wikidata

Lars Myrold (13. mars 191526. mai 2002) var ein norsk bonde, Senterparti-politikar, ordførar og lokalhistorikar frå Stårheim i Eid kommune.

Han var medlem av Eid kommunestyre frå 1952-1983, varaordførar i Eid 1963–1972, ordførar i Eid 1972-1983,[1] medlem av Sogn og Fjordane fylkesting 1972–1975 og i fleire år var han formann i KS Sogn og Fjordane. Han gjorde opptak til skiping av HærmuséetNordfjordeid i 1981.

Myrold har gjeve ut fleire bøker med lokal humor og lokalhistorie.

Lars Myrold vart tildelt Kongens Fortenestemedalje i gull.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1987 – To ord herr ordførar : og andre historier frå kommunalt liv og virke i Møre og Romsdal (Oslo: Kommunalforlaget). ISBN 82-7242-646-3 I fulltekst ved nb.no  [Samla av Lars Myrold ; illustrert av Herbjørn Skogstad]
  • 1988 – Sett frå kjøkenglaset : humørfylte forteljingar som avspeglar kultur frå ei tid som var : kanskje ser du deg sjølv i spegelen? (Stårheim: Lars Myrold). ISBN 82-991824-0-9 I fulltekst ved nb.no  [Illustrert av Herbjørn Skogstad]
  • 1995 – I manns minne : lokalhistorie frå Stårheim 1915 - 1995 : ei bygd i utvikling (Stårheim: Eige forl.). ISBN 82-991824-2-5

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]