Senterpartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Senterpartiet (fleirtyding).
Senterpartiet
Partileiar: Liv Signe Navarsete
Oppretta: 1920
Ideologi: Sjå Verdigrunnlaget
Farge: Grøn
Hovudkontor: Akersgaten 35
0107 Oslo
Epost: epost@sp.no
Nettstad: http://www.senterpartiet.no/
Ordførarar: 115 (9 på felleslister)
Kommunestyrerepresentantar: 1609 (2003)
Fylkestingsrepresentantar: 73 (2007)
Stortingsrepresentantar: 11
Medlemstal:  ?
Ungdomsorganisasjon: Senterungdomen
Partiavis: [Avisa sentrum]
Internasjonal tilknyting: [[]]
Europeisk tilknyting: [[]]
Les òg: Norsk politikk
Norske parti
Norske røystingar

Senterpartiet (SP) er eit norsk politisk parti med grunnlag i den norske primærnæringsrørsla (bonde- og fiskarrørsla) som vart stifta på landsmøtet i Noregs Bondelag i 1920. Partiet vart kalla Bondepartiet og var det andre klassepartiet i Noreg, etter Arbeidarpartiet. Partiet braut dei organisatoriske banda til bonderørsla allereie i 1922, og i 1959 endra dei namn til Senterpartiet, etter ei kort tid med namnet Folkestyrepartiet.

Senterpartiet er blant dei klåraste motstandarane mot norsk medlemskap i EU. Dei arbeider for desentralisering av statleg makt, og at økologiske (miljømessige)omnsyn må vere grunnleggande for staten og i samfunnet generelt.

Senterpartiet sat, frå 2005 til 2013, i fleirtalsregjeringa Stoltenberg II saman med Arbeidarpartiet og SV. Regjeringsforhandlingane vart gjort på Soria Moria.

Førre gong Senterpartiet sat i regjering, var det saman med KrF og Venstre i Sentrumsregjeringa. Det var den første regjeringa i norsk historie som gjekk av etter å ha møtt stor motstand i Stortinget mot ei miljøsak; gasskraftsaka.

Partileiar i Senterpartiet er Liv Signe Navarsete, etter at Åslaug Haga gjekk av i juni 2008. Nestleiarar er Ola Borten Moe og Trygve Slagsvold Vedum, som saman med leiaren og generalsekretær Knut M. Olsen, utgjer arbeidsutvalet til partiet.

Ungdomsorganisasjonen til Senterpartiet heiter Senterungdomen, og partiavisa heiter Sentrum. Kvinnerørsla i partiet heiter Senterkvinnene og partiet har eit eige Samepolitisk Råd.

Senterpartiet sitt verdigrunnlag[endre | endre wikiteksten]

Senterpartiet legg ikkje nokon av dei kjende ideologiane frå det 20. århundret til grunn for sine program, men tek utgangspunkt i eit eige manifest. Senterpartiet sitt verdigrunnlag er delt inn i fire hovuddelar:

  • Motstand mot økonomisk liberalisering og frie marknadskrefter
  • Desentralisering av eigedomsrett, makt, busetjing og kapital
  • Større jamstilling mellom ulike grupper i samfunnet
  • Økonomisk måtehald og prioritering av ikkje-materielle verdiar, som til dømes miljøvern

Partiet reknar seg sjølv som ein garantist mot norsk EU-medlemskap.

Frå Senterpartiet si valkampanje før Stortingsvalet 2005. Bilete frå Rogaland fylke.
Foto: Gunnleiv Hadland

Historie[endre | endre wikiteksten]

1900–1920: Bonderørsla organiserer seg[endre | endre wikiteksten]

1896: Den første norske bondeorganisasjonen, Norges Landmandsforbund (Norges Bondelag), vart stifta.

Organisasjonen skulle gjere bøndene sine krav tydelegare, og skape alliansar med representantar i dei to rådande partirørslene; Høgre og Venstre. På stiftingsmøtet vart det gjort framlegg om å stifte eit eige parti for norske bønder, for å betre vilkåra for primærnæringane i Noreg, men det samla ikkje nok stønad.

I den her perioden kom det fram mange mange fleire interesseorganisasjonar for primærnæringane (og i arbeidarklassen) i Noreg.

1920–1921: Bonderørsla får eit eige klasseparti: Bondepartiet[endre | endre wikiteksten]

Bondepartiet vart stifta i 1920. Partiet vart oppretta som ein reaksjon på at Stortinget ikkje tok bøndene sine krav om sosial og geografisk utjamning på alvor.

Bondelaget var den best organiserte og mest slagkraftige av interesseorganisasjonane til dei norske primærnæringane, men dei klarte ikkje å få gjennomslag for sine hovudsaker gjennom dei rådande partia på Stortinget. 20-åra var ei nedgangstid for norsk jordbruk, og bonderørsla var prega av misnøye.

1920: Norges Bondelag vedtek å stifte eit eige politisk parti; Bondepartiet (no: Senterpartiet).

Hovudsakene for Bondepartiet i dei første åra:

  • Betra vilkår for kornbøndene i Noreg (kjend som kornsaka)
  • Stønad til nydyrking av jord
  • Lågare skattar for bønder.
  • Bondepartiet stilte seg i opposisjon til den økonomiske liberalismen som råda i både Venstre og Høgre med krav om tollvern og statstøtte for jordbruket, i tillegg til tollerstatting for fiskerinæringa

1921: Bondepartiet deltok i sitt første stortingsval, og overraska store delar av den politiske eliten med 15 % av røystene. Med det var Bondepartiet allereie eit parti å rekne med i den første stortingsperioden, noko som er veldig sjeldan i norsk og europeisk politisk historie.

1922: Noregs Bondelag hadde to representantar i styret til Bondepartiet, og koplinga mellom dei to var lik koplinga mellom LO og Arbeidarpartiet. Men allereie to år etter stiftinga, i 1922, braut Bondepartiet dei organisatoriske banda til Noregs Bondelag.

1921–1945: Regjeringsmakt, samvirke, Keynes, og klassekamp[endre | endre wikiteksten]

Til liks med det andre store klassepartiet i Noreg, Arbeidarpartiet, gjorde Bondepartiet det bra på 20- og 30-talet. Partiet gjorde det bra i Stortingsval og bygde ein landsdekkande organisasjon som var langt breiare enn det grunnlaget dei hadde frå det elitestyrte Bondelaget. I den her perioden festa Bondepartiet seg som det sterkaste interessepartiet for primærnæringane i Noreg.

Men samstundes som Bondepartiet styrkte sin eigen stønad i bonderørsla, utvikla partiet ein sjølvstendig politikk i den her perioden. Bondepartiet utvikla ein økonomisk politikk som mellom anna var sterkt inspirert av tankane til John Maynard Keynes, og gjekk heilt klårt i sosialliberal retning; med tru på at staten lyt vere ein regulerande aktør i marknaden; spesielt i krisetider. Bondepartiet sin økonomisk politikk var no grunna i ein teori om blandingsøkonomi.

Den her utviklinga danna grunnlaget for at Bondepartiet gjekk inn i eit kriseforlik med Arbeidarpartiet i 1935, som førte Arbeidarpartiet til makta. Forliket mellom dei to partia bygde truleg ikkje på ein brei meiningsfellesskap, men på at Bondepartiet ønskte at marknaden måtte leggast under ei viss statleg regulering, og noko betra vilkår for Bygde-Noreg. Slagordet frå det store kriseforliket vart By og land, hand i hand, eit av dei mest populære politiske slagorda i norsk historie; som òg markerte grunnlaget for forliket.

Med kriseforliket hadde dei to klassepartia i Noreg gått inn i eit samarbeid for første gong. Men sidan Arbeidarpartiet fekk so stor makt i Stortinget laut Bondepartiet trekke mot høgresida for å prøve å få gjennomslag for opposisjonspolitikken sin - og det gjekk difor lang tid før dei samarbeidde igjen.

1930-talet: Nasjonalisme i det gamle Bondepartiet[endre | endre wikiteksten]

Bondepartiet fekk regjeringsmakt for første gong mellom 1931 og 1933. Først under Peder Kolstad, fram til han døydde i 1932, og Jens Hundseid tok over statsministerposten. I den her perioden var nazismen på frammarsj i Europa, og nasjonalismen stod framleis sterkt i Noreg. Bondepartiet var ei av rørslene i Noreg som hadde spelt kraftig på nasjonalisme, og nokre delar av den nasjonalistiske fløya i partiet lét seg farge av fascistane og nazistane lenger sør i Europa. Det er tvilsamt at den dragninga var godt festa i partiet si grasrot.

Den første Bondepartiregjeringa var, og er framleis særs omstridd:

  • Bondepartiet hadde verva den militære fagmannen Vidkun Quisling som forsvarsminister (Quisling var sjølv ikkje Bondepartimann).
  • Kritikarar hevda at Jens Hundseid gjennomførte eit parlamentarisk statskupp då han gjekk til kongen og framstilte seg som den fremste statsministerkandidaten til Bondepartiet etter at Peder Kolstad døydde. Partileiinga ønskte at Einar Gram Borch skulle ta statsministerposten.
  • Medan han sat i regjering, og heilt fram til krigen, markerte Jens Hundseid seg som ein krass politisk motstandar av Quisling. I 1940 skifta han brått og melde seg inn i Nasjonal Samling (NS), støtta okkupasjonsmakta og vart dømt til ti år i fengsel etter krigen. Det er endå ikkje oppklara kva som førte til at Hundseid melde seg inn i NS, men det vert spekulert i at det var eit pragmatisk og reint taktisk val for å kunne påverke styret av Noreg. Andre teoriar som har vorte framlagt går på at Hundseid frykta represaliar frå Quisling, som politisk motstandar, og melde seg inn for å verne seg sjølv. Ein tredje, og meir sjølvsagt teori, er at han var fascist, men på grunnlag av Hundseid sin tidlegare motstand mot Quisling sine haldningar er det lite sannsynleg.

1945–1965: Framveksten av Senterpartiet[endre | endre wikiteksten]

Frå 1945 og utover byrja Bondepartiet på ei stor omvelting. Dei stilte seg i opposisjon til Arbeiderpartiet si storsatsing på utanlandsk kapital og storindustri, samstundes som dei kravde sosial utjamning for å trygge levekåra i bygdene.

I 1959 endra partiet namn til Senterpartiet, etter at landsmøtet slo fast at partiet ikkje lenger var ei fagrørsle for bønder, men eit sjølvstendig parti med ein eigen politikk. Namneendringa var ei understreking av at partiet plasserte seg sjølv i sentrum, midt mellom høgre- og venstresida i norsk politikk.

Fanesaka for Senterpartiet låg ikkje lenger hos primærnæringane åleine; no var ein generell distriktspolitikk det grunnleggande temaet for partiet. I løpet av 60-talet vart konfliktlinene i desentraliseringspolitikken til Senterpartiet utarbeidd: sentralisering mot desentralisering - sentrum mot periferi

I 1965 hadde partiet bygd seg so mykje opp at senterpartileiaren Per Borten tok regjeringsmakta i ein brei koalisjon mellom alle partia som den gongen låg til høgre for Arbeidarpartiet; Senterpartiet, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Høgre. På den måten braut Senterpartiet det Arbeidarparti-styret dei sjølve hadde vore med å legge grunnlaget for.

1971–1973: Regjeringskrise, EF-siger og ny regjeringskrise[endre | endre wikiteksten]

I 1971 laut Per Borten gå av som statsminister etter ein påstand om at han hadde gjeve Nei-rørsla (No: Nei til EU) tilgang til interne regjeringsdokument om EF-forhandlingane. Borten innrømte lekkasjen, og regjeringa laut gå av. Denne saka er framleis særs omstridd, og i ettertid har det vist seg at det var ein sekretær som var ansvarleg for lekkasjen.

Nei-sida vann EF-avrøystinga i 1972, og Arbeidarparti-regjeringa til Trygve Bratteli gjekk av. Senterpartiet gjekk partiet inn i den første Sentrumsregjeringa i norsk historie saman med Kristeleg Folkeparti og EU-motstandarane i Venstre – ei rein nei-regjering under leiing av KrF-leiar Lars Korvald. Regjeringa sat berre eit år, fram til Stortingsvalet 1973. Senterpartiet fekk berre eitt mandat meir enn ved førre val, trass i å ha vore på den vinnande sida i EF-striden.

1973–1993: Ny politisk plattform; økologi og motstand mot materialisme[endre | endre wikiteksten]

I løpet av 70-talet vedtok Senterpartiet eit nytt prinsipprogram (verdigrunnlag), og økologi og miljøpolitikk vart ein grunnstein i partiprogrammet - saman med distriktspolitikk og desentralisering. Partiet gjekk til val på sterk kritikk mot materialisme og ukontrollert vekst midt under oljefeberen. Ved valet i 1977 mista Senterpartiet 10 mandat som følgje av den upopulære lina i ei tid då det var stor framgang i Noreg.

Gjennom 80-talet vart Senterpartiet kjent som eit særs pragmatisk parti. Partiet søkte sigrar i enkeltsaker og forsøkte å verne om hovudverdiane sine gjennom enkeltståande samarbeid med dei borgarlege partia på Stortinget. Partiet sat i to regjeringar saman med Høgre og KrF, under Høgre-leiarane Kåre Willoch frå 1983 til 1986 og Jan P. Syse frå 1989 til 1990. Oppslutnaden hos veljarane gjekk stadig nedover – og i ettertid har det vorte hevda at problemet til Senterpartiet var at dei såg ut som dei var ein del av høgresida.

1993–→: EU-kamp og eit moderne miljøparti[endre | endre wikiteksten]

EU-striden blussa opp braut Senterpartiet med dei borgarlege partia, og gjekk ut av Regjeringa Syse i 1990, slik at denne regjeringa fall. Senterpartiet stilte seg igjen utan ryggdekning, korkje frå høgre- eller venstresida i norsk politikk, ein posisjon dei ikkje hadde hatt sidan før andre verdskrig. No hadde partiet bygd opp ein grundig plattform basert på desentralisering og økologisk tenking.

Ved kommunevalet i 1991 fekk Senterpartiet overraskande stor framgang. I stortingsvalet i 1993 var EU-striden fullstendig dominerande i media, noko Senterpartiet tente på. Partiet gjorde sitt beste val nokonsinne med 16,7 % av røystene, og vart det nest største partiet på Stortinget. Nei-sida vann EU-avrøystinga i 1994.

Etter «det store EU-valet» sokk oppslutninga til Senterpartiet. I 1997 gjekk det med i den andre norske Sentrumsregjeringa med SP, KrF og Venstre, der Kjell Magne Bondevik (KRF) var statsminister frå 19972000. Det var den første regjeringa i norsk historie som gjekk av etter eit kabinettspørsmål om ein miljøsak; gasskraftsaka.

Stortingsvalet i 2001 vart det dårlegaste stortingsvalet for Senterpartiet nokonsinne, med 5,6 % oppslutning. Ved Stortingsvalet i 2005 gjekk Senterpartiet for første gong til val på eit samarbeid med venstresida, Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Valet gav ein liten framgang for Senterpartiet, og fleirtal for dei tre såkalla raud-grøne partia, som overtok regjeringsmakta.

Representantar i Regjeringa og Stortinget[endre | endre wikiteksten]

Regjeringa

Frå og med måndag 17. oktober 2005 er Senterpartiet representert med fire statsrådar i den raudgrøne regjeringa, saman med Arbeidarpartiet og SV.

Men dette vart endra etter kommunevalet i hausten 2007, og juni 2008 der nokre av statsrådspostane vart stokka om slik at lista no er slik:

Stortinget (etter endringar i løpet av Stortingsperioden)

Statistikk[endre | endre wikiteksten]

Partileiarar
Johan E. Mellbye 1920–21
Kristoffer Høgset 1921–27
Erik Enge 1927–30
Jens Hundseid 1930–38
Nils Trædal 1938–48
Einar Frogner 1948–54
Per Borten 1955–67
John Austrheim 1967–73
Dagfinn Vårvik 1973–77
Gunnar Stålsett 1977–79
Johan J. Jakobsen 1979–91
Anne Enger Lahnstein 1991–99
Odd Roger Enoksen 1999–2003
Åslaug Haga 2003–2008
Liv Signe Navarsete 2008–→

Parlamentariske leiarar
Johan E. Mellbye 1922–30
Jens Hundseid 1931–32
Gabriel Moseid 1932–33
Jens Hundseid 1933–40
Rasmus Langeland 1945
Nils Trædal 1945–48
Elisæus Vatnaland 1948–58
Per Borten 1958–65
Lars Leiro 1965–69
John Austrheim 1969–71
Per Borten 1971–-73
Erland Steenberg 1973–77
Johan J. Jakobsen 1977–83
Johan Buttedahl 1983–89
Anne Enger Lahnstein 1989–91
Johan J. Jakobsen 1991–99
Odd Roger Enoksen 1999–2003
Marit Arnstad 2003–05
Magnhild Meltveit Kleppa 2005–07
Lars Peder Brekk 2007–08
Rune J. Skjælaaen 2008–09
Trygve Slagsvold Vedum 2009–→

Statsministrar
Peder Kolstad 1930–31
Jens Hundseid 1931–32
Per Borten 1965–71

Regjeringar
Peder Kolstad 1930–31
Jens Hundseid 1931–32
Per Borten 1965–71 (saman med Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre)
Lars Korvald 1972–73 (saman med Kristeleg Folkeparti og Venstre)
Kåre Willoch 1983–86 (saman med Høgre og Kristeleg Folkeparti)
Jan P. Syse 1989–90 (saman med Høgre og Kristeleg Folkeparti)
Kjell Magne Bondevik 1997 – mars 2000 (saman med Kristeleg Folkeparti og Venstre)

Oppslutninga om Senterpartiet i dei ulike fylka ved stortingsvalet 2005
Stortingval 1921–2009
Årstal Prosent av stemmene Mandatar
1921 13,1%
1924 13,5%
1927 14,9%
1930 15,9%
1933 13,9%
1936 11,5%
1945 8,0%
1949 7,9% ¹
1953 9,0% ¹
1957 9,3% ¹
1961 9,3% ¹
1965 9,9% ¹
1969 10,5% ¹
1973 11,0% ¹
1977 8,6% ¹
1981 6,7% ¹
1985 6,6%
1989 6,5%
1993 16,7%
1997 7,9%
2001 5,6%
2005 6,5% 11
2009 6,2% 11
      Kommuneval 1928–2003
Årstal Prosent av stemmene
1928 8,4%
1931 9,1%
1934 7,1%
1937 6,8%
1945 3,9%
1947 5,3%
1951 6,0%
1955 6,9%
1959 7,8%
1963 8,2%
1967 9,3%
1971 11,5%
1975 10,7%
1979 8,5%
1983 7,5%
1987 7,1%
1991 11,5%
1995 11,6%
1999 8,3%
2003 7,9%
2007 8,0%
      Fylkestingval 1974–2003
Årstal Prosent av stemmene
1975 11,2%
1979 8,6%
1983 7,2%
1987 6,8%
1991 12,0%
1995 11,7%
1999 8,5%
2003 8,0%
2007 7,8%

¹ Ved desse vala stilte partiet felleslister med eit eller fleire av partia Det Nye Folkepartiet/Det Liberale Folkepartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti eller Venstre, dette talet er eit overslag med røystene til felleslistene fordelt på dei einskilde partia.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Nielsen, May-Brith Ohman: Bondekamp om markedsmakt; Senterpartiets historie 1920-1959, Oslo 2001 ISBN 82-521-5434-4
  • Madsen, Roar: Motstraums; Senterpartiets historie 1959-2000, ISBN 82-521-5435-2

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Politiske parti i Noreg
Sosialistisk venstreparti Arbeidarpartiet Senterpartiet Venstre Kristeleg folkeparti Høgre Framstegspartiet
Abort-motstandernes liste | Demokratane | Kristent samlingsparti | Kystpartiet | Det liberale folkepartiet (DLF) | Miljøpartiet Dei Grøne | Naturlovpartiet | Norges kommunistiske parti (NKP) | Pensjonistpartiet | Raudt | Reformpartiet | Samefolkets parti | Samfunnspartiet | Sentrumsalliansen