Levenshtein-distanse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I informasjonsteori refererer Levenshtein-distansen mellom to strengar (t.d. to ordformer) til det minste talet på operasjonar som trengst for å endre den eine strengen til ein annan, der operasjonane er innsetjing, stryking eller byting. Levenshtein-distansen har fått namnet sitt etter den russiske forskaren Vladimir Levenshtein, som sette opp mål for redigeringsdistanse i 1965. Levenshtein-distansen er nyttig for å finne ut kor like to strengar er, og blir brukt m.a. i retteprogram, men han har også blitt brukt i bioinformatikk, for å samanlikne DNA-strengar. I dataprogrammering, og særleg webprogrammering, er Levenshtein-distansen brukt mykje i søkemotorar og søkefunksjonar. Ein brukar Levenshtein-distansen for å finne resultat som liknar på f.eks. søkarens inntasting. Wikipedia, til dømes, brukar denne funksjonen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

en:Levenshtein distance

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]