Limey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Limejuice med limeskiver.

Limey er eit engelsk slanguttrykk for engelskmenn eller britar, særleg knytt til britiske skip, sjøfolk og innvandrarar.[1] Ordet har ei historie som eit nedestjande uttrykk, men blir i dag rekna som gammaldags og blir hovudsakleg brukt som ein spøk.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet er avleidd frå lime-juicer,[1] som viste til skikken med å gje sitron- eller limejuice til sjøfolk i den britiske marinen for å førebygga sjukdomen skjørbuk.[3] Denne var blitt innført kring år 1800 etter eksperiment utførte av den skotske marinelegen James Lind.[4]

Uttrykket lime-juicer er kjend i skrift frå midten av 1800-talet, då det i Nord-Amerika kunne visa til britiske skip og sjøfolk, og i Australia til folk som nyleg var komne til landet frå England.[5] Limey er stadfesta nokre tiår seinare, som i diktet «Cathing The Coach» av australske Alfred Thomas Chandler:[1]

Well, three mornings after, the stringybark gums
All rustled their leaves with further surprise;
They'd seen old stagers and limey new-chums,
But here were galoots in peculiar guise[...][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Limey, n.». OED Online. Oxford University Press. mars 2018. 
  2. «lim·ey». Merriam-Webster's Learner's Dictionary. Henta 21. april 2018. 
  3. «Limey». Oxford Dictionaries. Henta 6. juli 2011. 
  4. Maciej Cegłowski (6. mars 2010). «Scott and Scurvy». Henta 21. april 2018. 
  5. «ˈlime-juice, n.». OED Online. Oxford University Press. mars 2018. 
  6. «Cathing The Coach by Alfred Thomas Chandler». PoemHunter.com.