Logos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Logos (Gresk: Meining, fornuft eller ord), er eit omgrep frå gresk filosofi og kristen tenking og er eit viktig ord i mange moderne, vitskaplege samanhengar, som i -logi (biologi, sosiologi o.l.) i tydinga den rasjonelle læra om noko. Nokre gamle nemningar som teologi endrar i vitskapleg tidsalder meining frå å tyde "læra om Gud", til å tyde "lære om trua på Gud" (av di det berre er mennskelege uttrykk for tru ein kan forske på, ikkje Gud sjølv).

Logos-omgrepet vert først tilskreven filosofen Heraklit, som seinare gav det vidare til Platon og stoikarane. Gjennom møtet med jødisk tenking vart logos-omgrepet avgjerande for utforminga av eit kriste gudsbilete.

Logosofien kom til å påverke kristendomen sterkt dei første fire-fem hundreåra og uttrykkjer det guddommelege ved Jesus. Islamsk tru har si eiga tolking av Jesus som Logos.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.