Luftfartstilsynet
Luftfartstilsynet er statens uavhengige tilsynsmyndigheit for luftfart. Luftfartstilsynet ferdar ut dei fleste sertifikata, løyva og godkjenningane innan luftfarten og fører tilsyn med at alle aktørane i luftfartssystemet som er tildelt ei driftsløyving til luftfart eller luftfartsrelatert verksemd, utøver denne med heimel i lover og forskrifter.
Luftfartstilsynet blei stifta og skild ut i frå Luftfartsverket 1. januar 2000 med kontor i Oslo. Inntil da var det Luftfartsverket som lagde regelverk, dreiv verksemda og overvaka aktørane i luftfarten (Luftfartsverket inkludert).
Tilsynet blei vedtatt flytta til Bodø innan 1. januar 2007. Flyttinga til Bodø har skjedd over fleire år og det har vore motstand mot flyttinga.
Luftfartsdirektør er Heine Richardsen, som blei utnemnt av Kongen i statsråd i 2006.
Ei av avdelingane i Luftfartstilsynet er Legenemnda for flygarar som er ein del av Flymedisinsk institutt ved Universitetet i Oslo som også er Luftforsvarets flymedisinske kompetansesenter.