Lunner IL

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lunner Idrettslag)

Lunner Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i LunnerHadeland. Laget, som vart stifta 27. november 1927, er i dag eit reint handballag. Tidlegare har både fotball, friidrett, ski og skøyter stått på lagsprogrammet.

Lunner IL er mest kjent for sitt handballag for kvinner. Laget spelte i kring 1990 fleire sesongar i eliteserien. Lagets fremste prestasjon kom då kvinnene spelte NM-finale 1989 mot Byåsen IL, ein kamp som enda med Lunner-tap 15 mål mot 20. Kjersti Grini vart i 1990 kåra til årets spelar i Noreg, Cathrine Svendsen det same i 1991.

I 1950-åra var Lunner IL best kjent for sine friidretts-utøvarar. Under NM i friidrett 1953 vart Sverre Øverby noregsmeister i kulestøyt, medan Leif Egge vann sølv- og bronsemedalje på langdistansar. To år seinare vart Magne Åbråten norsk meister på 10 000 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]