Kjersti Grini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjersti Grini
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. september 1971 (52 år)
Oslo
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Kjersti Elizabeth Grini (fødd 9. september 1971) er ein norsk tidlegare handballspelar, oppvaksen på Gran og JarenHadeland. I tida 1994-2001 vann ho med Noregs handballandslag gull, sølv og bronse i tre ulike europameisterskap, gull- og sølvmedalje i høvesvis VM 1999 og 2001, og OL-bronse i 2000.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Grini debuterte på det norske landslaget mot Jugoslavia 11. november 1987. Meisterskapsdebuten fekk ho i VM 1990 i Seoul. Ho fekk ikkje plass i OL-troppen 1992, ei heller i troppen til VM 1993 på heimebane, noko som førte til mykje mediastøy. Landslagssjefen Sven Tore Jacobsen skal ha vore misnøgd med hennar taktiske evner.

Den nye landslagssjefen frå 1994, Marit Breivik, gav Grini tillit, og særleg dei seinare 1990-åra til 2001 hadde ho ei dominerande rolle i det norske landslaget. Ho fekk bronsemedalje i EM 1994 og sølvmedalje i EM 1996. Deretter vart ho europameister 1998 i Nederland og verdsmeister i 1999 på heimebane, etter ein finalekamp på Lillehammer der ho sette inn åtte av Noregs 25 mål. Både under Sommar-OL 1996, EM 1998 og Sommar-OL 2000 vart ho kåra til plass i meisterrekka (All Star Team).

Norsk toppskårar var Grini også då det vart siger i bronsefinalen under Sommar-OL 2000 i Sydney. Den 16. desember 2001 skåra ho ni av Noregs mål då Russland vann VM-finalen 2001 med 30-25 i italienske Merano. Med dei ni nettkjenningane hadde Grini skåra 1003 landslagsmål for Noreg, i det som var hennar 201. og, skulle det vise seg, siste kamp med det norske flagget på brystet.

Grini spelte på Lunner IL då ho vart toppskårar i den norske toppdivisjonen 1990. I 1991 vart ho hanka inn til Bækkelaget SK, og med osloklubben spelte ho finale i Europacupen både i 1994 og 1995, begge oppgjera enda med tap for Grini. Ho braut med Bækkelaget i 1997, og var ein sesong i Toten HK. Sidan spelte ho på Tertnes IL i Bergen, der ho våren 2000 var med å tape finalen i EHF-cupen med eitt mål. Ho melde deretter overgang til danske Ikast, ein klubb ho vart nasjonal cupmeister med i 2001 og vinnar av EHF-cupen i 2002.

Siste åra som aktiv var Grini plaga med skadar, noko som leidde til at ho la opp i 2003.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]