Mackinaw City

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fort Michilimackinac.
Old Mackinac Point Lighthouse.

Mackinaw City er ein landsby i Emmet County og Cheboygan County i den amerikanske delstaten Michigan. Folketalet i 2000 var 859 ifølgje United States Census Bureau. Namnet Mackinaw City er litt villeiande, då det eigentleg er ein landsby. Folketalet veks kraftig i turistsesongen, då mange sesongarbeidarar kjem for å arbeide på dei mange hotella og andre turistaktivitetane ved Mackinacsundet. Mackinaw City ligg ved sørenden av Mackinacbrua, som går til den øvre halvøya av Michigan. Mackinaw City, saman med St. Ignace over sundet, er ein base for ferjeselskap med ferjeruter til Mackinac Island.

Mackinaw City er den mes populære turiststaden i Michigan.[1] Lokale attraksonar er Fort Michilimackinac, Mackinacbrua, Mackinaw Crossings shopping mall, Historic Mill Creek State Park, Historic Village og fyra Old Mackinac Point Light og McGulpin Point Light.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. American Automobile Association's 2009 TripTik requests.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]