Magnetoresistans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Magnetoresistans er ei endring av elektrisk resistans i ein leiar eller halvleiar som blir utsett for eit magnetfelt. Magnetoresistans er ein av dei galvanomagnetiske effektane. Ein skil mellom transversal magnetoresistans, der straumen går på tvers av magnetfeltet, og longitudinal magnetoresistans, der straumen går parallelt med magnetfeltet. Magnetoresistansen kan vere positiv eller negativ. I einskilde halvleiarar (t.d. indiumantimonid) er han særs stor, og avheng dessutan sterkt av straumretninga i tilhøve til krystallaksane, noko som kan gje verdifulle opplysningar ved undersøking av strukturen til krystalla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]