Malaisetelt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei malaisefelle

Malaisetelt er ei felle som vert nytta i undersøkingar av flygande insekt. Dei vart først utvikla av den svenske entomologen René Malaise i 1934, og høyrer i dag til standardutstyret ein nyttar for å avgjera mangfaldet av insekt i eit område.

Malaisefella består av ei teltduk i myggnetting som skrår opp mot eit fangstglas. I dette er det som regel eit eller anna kjemikalium som nyttast til å drepa dyra, til dømes etanol, kloroform eller liknande. Insekt som forvillar seg inn i teltet flyg oppover og følgjer duken, til dei hamnar i glaset og døyr.

Bruk av malaisetelt er særskild nyttig for å kartlegga gruppene tovenger og årevenger. Dette har skjedd i størst skala i det svenske artsprosjektet, som ved hjelp av 72 feller fekk samla inn over 40 millionar eksemplar av eit ukjend tal på insektartar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]