Marokkansk dirham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Marokkansk dirham er valutaen i Marokko. 1 marokkansk dirham tilsvarar 100 santim. Valutakoden er MAD.

Dirham var opphavleg namnet på ein sølvmynt som blei brukt i Marokko før 1882. Ein hadde også koparmyntar som blei kalla falus og gullmyntar som blei kalla benduqi. I 1882 blei rial innført som mynteining. 10 dirham utgjorde då ein rial.

I 1960 blei dirhamen innført som hovudmynteining i Marokko. Han erstatta franc, som blei småmynteining, med 100 franc på 1 dirham. I 1974 blei franc erstatta av santim.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]