Men in Black

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Men in Black er ein amerikansk film frå 1997 som handlar om romvesen. Regissøren er Barry Sonnenfeldt og i hovudrollene spelar Tommy Lee Jones og Will Smith. Filmen var basert på ein teikneserie med same namnet, der Men in Black var ein organisasjon som jobba med å overvaka utanomjordiske vesen på jorda og å skjerma verda frå å vita om at dei fanst.

Oppfølgjaren Men in Black II kom ut i 2002, og Men in Black 3 i 2012. I tillegg gjekk det ein animasjonsserie om Men in Black frå 1997 til 2001 på amerikansk fjernsyn. Suksessen med å laga ein film av teikneserie var noko av det som inspirerte Marvel til å vurdera samarbeid med Columbia Pictures. Dette resulterte seinare i filmen Spiderman (2002).

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.