Menneskerase
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Menneskerasar)
Menneskerasar er forsøk på å dela menneske inn i nokre få ulike grupper på biologisk grunnlag, som regel fysiske trekk. Å dela menneske inn i rasar blei vanleg innan vitskapen på 1800-talet, men blei gradvis forkasta i løpet av 1900-talet, både fordi ein ikkje kunne fastlå rasar på vitskapleg grunnlag og på grunn av dårlege erfaringar med rasisme og eugenikk. Omgrepet blir framleis brukt i fleire land, men viser då som oftast til kulturelt fastsette grupper (til dømes sørasiatar, afroamerikanarar eller nordmenn). På norsk bruker ein gjerne det mindre lada ordet etnisitet for denne tydinga av rase.