Etnisitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Etnisitet eller etnisk er nemningar som blir bruka om det fenomenet at grupper av menneske identifiserer seg etter tenkte eller reelle skilnader i høve til andre folkegrupper. Desse skilnadene kan bli definerte ut frå kulturelle, språklege, historiske, religiøse eller såkalla rasemessige kriterium. Etter eitt av fleire nasjonsomgrep, definerer etnisitet, eller etnos, tilhøyrsla til ein nasjon.

Etnisitet og rase[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet etnisitet blei bruka som eit slags avløysarord for rase frå midten av 1900-talet, etter at raseomgrepet var blitt forkasta på grunn av det sterke bandet til nazismen og overgrep frå rasehygienen. Rase blir framleis bruka i mellom anna USA for å dela inn folk i etniske grupper, medan ein i Europa gjerne brukar etnisitet for om lag same omgrepet.

Bruken av dette omgrepet blir i dag vanlegvis rekna som betre enn den tidlegare bruken av omgrepet «rase» — eit omgrep som tok utgangspunkt i ei tru på ulike menneskerasar som biologisk klart definérbare. Grunnen til at ordet «rase» i denne tydinga ikkje er vitskapleg akseptert lenger er at haldbare definisjonar og klåre grenseoppgangar har vist seg å vere umulege å få til. Men samtidig er det somme tider lett å sjå forskjell på folk, så ulike folkeslag finst opplagt. Det gjeld ikkje berre hudfarge, men au høgd og ansiktstrekk, til dømes.

Andre folkegrupper er ikkje synleg ulike kvarandre, men ser kvarandre likevel som svært ulike, av språklege, religiøse, kulturelle og historiske grunnar. For å ha eit omgrep om slike folkegrupper og skilnadene mellom dei, kan ein bruke nemninga etnisk. Inndelinga i etniske grupper legg meir vekt på kultur og eiga oppfatting av tilhøyrsle, samstundes som dei gjerne er mykje mindre enn rasegruppene.

Verdsetjing av etnisitet[endre | endre wikiteksten]

Medan etniske minoritetsgrupper først blei sedde på som eit trugsmål mot nasjonalstaten, har dei i mange land fått heva statusen sin og vunne rettar til å leva ut sin eigen kultur. Dette gjeld mellom anna samar i Norden, som frå å bli prøvd assimilerte av storsamfunnet fekk rett til å hevda sin eigen kultur.

Mange stader blir likevel etniske grupper med mindre makt diskriminerte eller undertrykte. Dette gjeld mellom anna kurdarar, særleg i Tyrkia, og sigøynarar i Aust-Europa.

Etniske konfliktar[endre | endre wikiteksten]

Gjennom tidene har det vore mange etniske konfliktar, som regel mellom folkegrupper som lever tett saman og har små kulturforskjellar, ikkje mellom land med totalt ulike kulturar som ein kanskje ville trudd.

Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

I Storbritannia har konflikten ei etnisk side som veldig forenkla dreiar seg om religion. Sjølv om det ikkje er nokon stor forskjell kulturelt, ser protestantar og katolikkar seg som ulike «samfunn» (communities). Men hovudsaka i konflikten er historisk-nasjonal og delvis sosial. Tilfeldigvis var irane katolikkar medan britane vart protestantar. Då Irland blei underlagt Storbritannia med valdsmakt, blei den nasjonale konflikten også religiøs. Det er framhaldet av denne nasjonale konflikten vi ser i Nord-Irland i dag, med religiøst definerte etniske grupper på kvar si side, noko som synest gjera han endå meir hatefull og endå vanskelegare å løysa.

Sri Lanka[endre | endre wikiteksten]

Dagens borgarkrig på Sri Lanka har utspring i ein langvarig etnisk konflikt mellom sinhalesarar og tamilar. Hatet mellom dei to folkegruppene tok til under kolonitida, då det tamilske mindretalet blei favorisert av britane. Då landet fekk sjølvstende og sinhalesarane tok makta ønskte dei å straffa tamilane for det dei oppfatta som mange år med urettvise. Dei nekta f.eks. tamilane å prata sitt eige språk eller engelsk i mange jobbar. Og sidan tamilsk og singalesisk er lika forskjellig som norsk og russisk så skapte det store problem for tamilar som ville behalda jobbane sine.

Etter kvart som konflikten har eskalert har dei to gruppene prøvd å visa at deira gruppe var den første til å bu på Sri Lanka og dermed er dei opphavlege innbyggjarane av øya. Det at folka hovudsakleg høyrer til to religionar, buddhismen og hinduismen, og snakkar språk frå to ulike språkfamiliar, blir bruka som argumentasjon i konflikten.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]