Metacritic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Metacritic

Type nettstadAggregat av omtalar
Tilgjengeleg påengelsk
Grunnlagdjanuar 2001; 23 år sidan (2001-01)
OpphavslandUSA
EigarFandom, Inc.
Nettstadwww.metacritic.com
StatusAktiv

Metacritic er ein nettstad som samlar omtalar av filmar, fjernsynsprogram, musikkalbum og dataspel. For kvart produkt er gjennomsnittet av poengsummane frå kvar omtale rekna ut. Metacritic var laga av Jason Dietz, Marc Doyle og Julie Doyle Roberts i 1999. Nettstaden syner utdrag frå kvar omtale og hyperlenkjer til kjelda. Ein grøn, gul eller raud farge oppsummerer omtalane og kva kritikarane anbefaler. Metacritic er rekna som ein av dei fremste aggregatsidene innan dataspelindustrien.[1][2]

Poenga i Metacritic er gjorde om til prosentar, anten matematisk frå poengsummen i omtalen eller frå det som nettstaden avgjer subjektivt frå ein kvalitativ omtale. Før gjennomsnittet er rekna ut, er poengsummane vekta etter kor kjend omtalaren er og kor mange omtalar som er publiserte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Leack, Jonathan (25. september 2015). «OpenCritic's Gamer-Centric Style Is Everything Metacritic Should Have Been». Game Revolution. Arkivert frå originalen 27. september 2015. Henta 12. september 2019. 
  2. Rose, Mike (10. juli 2012). «Metacritic is here to stay, but can we fix it?». Gamasutra. Arkivert frå originalen 15. september 2018. Henta 12. september 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]