Metrostasjonen La Défense

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Metrostasjonen, linje 1
Trikkestasjonen, linje T2.
Jarnbanestasjonen for RER, linje A.

La Défense er eit stasjonskompleks for metroen i Paris, RER, og regionjernbanen Transilien plassert under Grande Arche-bygget i La Défense, forretningsområdet med høghus i kommunen Puteaux vest for sentrum av Paris, i Hauts-de-Seine. Stasjonen er endestasjon for metrolinje 1 og har sidan 1992 forbunde denne linja med RER linje A, og sida 1994 med trikkelinja T2 og jernbanen SNCF Transilien. Det er au bygd eit kjøpesenter i samband med stasjonen.

Stasjonen hadde fyrst namnet «La Défense», fekk deretter namnet «Grande Arche de La Défense», og så det noverande namnet La Défense att.

På bakkenivå ved stasjonen ligg den moderne «triumfbogen», bygningen Grande Arche, som kan sjåast frå sentrum av Paris gjennom Triumfbogen på Place Charles-de-Gaulle, skyskraparane til store franske og utanlandske verksemder, og gatekunst som Le Pouce av César Baldaccini. Denne delen av La Défense hadde eit informasjonssenter (for Europaparlamentet) om Europaunionen fram til 1994.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Metrostasjonen La Défense


Koordinatar: 48°53′31″N 2°14′13″E