Michael Stifel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Michael Stifel (1486/148719. april 1567) var ein tysk matematikar og teolog.

Han var først munk og seinare ein ivrig deltakar i reformasjonsrørsla. Han var ein nær ven av Martin Luther og skreiv fleire kampskrifter for å støtte saka hans. Stivel gav seg hen til mystiske talspekulasjonar og skapte panikk då han brukte dei til å føresjå ein bestemt dag for verdas undergang. Han vart fengsla og seinare lauslaten ved hjelp av Luther.

Stivel var ein dugande matematikar. Philipp Melanchthon skreiv føreordet til hans Arithmetica Integra i 1544 og året etter kom hans Deutsche Arithmetik ut. Denne var viktig for utviklinga av reknekunsten i Tyskland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]