Militær etterretning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Militær etterretning er ei form for etterretning som fokuserer på innsamling, kontroll og formidling av informasjon om fiendtlege avdelingar, terreng og vêrforhold i operasjonsområda.

Dei fleste forsvarsorganisasjonane i verda har eigne avdelingar som driv militær etterretning. I Noreg driv spesielt Etterretningstenesta, Forsvarets militærgeografiske teneste, ISTAR-bataljonen, Forsvarets spesialkommando, Hærens jegerkommando, Marinejegerkommandoen, Kystjegerkommandoen, F/S «Marjata» og 717-skvadronen med militær etterretning. På tross av det er militær etterretning ei oppgåve som alle militære avdelingar har.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.