Mister Spock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leonard Nimoy som mr. Spock

Spock er ein oppdikta person/karakter i Star Trek. Han vert av nokre referert til som sjølve symbolet på eit rasjonelt tenkjande vesen, i motsetnad til dei fleste menneske.[1] Spock vart først spela av Leonard Nimoy i den originale Star Trek - serien, og vart òg vist i den animerte Star Trek-serien, ei to-delt episode av Star Trek. Vidare "The Next Generation", åtte av Star Trek - sine filmar, og mange Star Trek romanar, teikneseriar og tv-spel.[2] I tillegg, har mange aktørar portrettert ulike stadium av Spock sin raske vekst som skuldast effekten frå Genesis-planeten. Dette kjem til synes i Star Trek filmen av 1984 - Star Trek III: "The Search for Spock". I 2009-filmen Star Trek, tok Nimoy opp att si rolle saman med Zachary Quinto, som avbilda ein yngre versjon av karakteren, eksisterande i ei alternativ tidslinje. Båe tok sine roller i 2013 oppfølgjaren Star Trek Into Darkness og Quinto tok opp att si rolle i 2016 Star Trek Beyond.[3]

Spock gjer teneste ombord på romskipet Enterprise, som vitskapsoffiser og styrmann, og seinare som sjef for to iterasjonar av fartøyet. Spock er ei blanding av menneske- og Vulcan-arv som fungerer som eit viktig plot-element i mange av framstillingane til figuren. Saman med Kaptein James T. Kirk og Dr. Leonard "Bein" McCoy, er han ein av dei tre sentrale figurane i den originale Star Trek - serien og film. Etter at han avslutta frå Starfleet, fungerer Spock som ein Føderasjon-ambassadør, som hjelper til å lette det anstrengde tilhøvet mellom Føderasjonen og Klingon Empire. I sine seinare år, fungerer han som Føderasjonen sin Ambassadør til "Romulan Star Empire" og vert involvert i dei ulukkelege forsøka på å redda Romulus frå ei suparnova. Dette fører til at han må leva resten av sit liv i Úden parallelle tidslinjen innført i Star Trek (2009).[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. https://tv.nrk.no/program/KOID21006817/fornuft-eller-foelelsar
  2. The Star Trek Encyclopedia. ISBN 0-671-53609-5. 
  3. «Zachary Quinto Is Spock». 
  4. Star Trek: Countdown. s. 98. ISBN 978-1-60010-420-6.