Mitchell Peninsula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 66°20′S 110°32′E
Mitchell Peninsula
halvøy
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Wilkes Land
 - koordinatar 66°20′S 110°32′E
Administrert under Antarktistraktaten
Mitchell Peninsula is located in Antarktis
Mitchell Peninsula (Antarktis)

Mitchell Peninsula er ei klipperik halvøy, 2,5 nautiske mil (4,6 km) lang og 2 nautiske mil (3,7 km) brei, som ligg mellom O'Brien Bay og Sparkes Bay ved austsida av Windmill Islands. Ho vart først kartlagd frå flyfoto teken under U.S. Navy Operasjon Highjump i februar 1947 og trudd vere ei øy som via ei bratt snøfonn hang saman med den kontinentale isen på Budd Coast. Namnet vart endra til halvøy was av mannskapet på Wilkes Station i 1957. Ho vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter kaptein Ray A. Mitchell i U.S. Navy som var kaptein på USS Cacapon, eit tankskip for den vestlege arbeidsgruppa til U.S. Navy Operasjon Highjump 1946-47.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mitchell Peninsula» (innhald frå Geographic Names Information System).