Modellorganisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Embryonale stamceller frå husmus vert nytta for å læra meir om stamceller generelt.

Ein modellorganisme er ein art som vert studert inngåande og grundig for å læra om generelle biologiske prosessar. Ein tenkjer seg vidare at resultata frå denne forskinga kan gje ein peikepinn om korleis desse fenomena generelt går føre seg. Modellorganismar vert nytta i høve der det hadde vore uetisk å eksperimentera på menneske, eller ved høve der det hjå somme artar er lettare å observera fenomenet ein ser på. Ofte kan det til dømes vera nyttig å nytta organismar med kort generasjonstid når ein studerer evolusjon.

Bananflugearten Drosophila melanogaster var den første arten som for alvor tok steget frå naturen til laboratoriet i 1901.

Døme på modellorganismar[endre | endre wikiteksten]