Moll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Moll er i musikkteorien nemninga på ein diatonisk skala, som, om ein samanliknar med dur-skalaen, har senka ters, og somme gonger senka sekst og septim, avhengig av kva type mollskala det er. Skalaen er òg den sjette modale skalaen, òg kalla eolisk skala. Nemninga omfattar i blant òg modale skalaer som inneheld ein liten ters, men gjeld hovudsakleg dei tre mollskalaene naturleg moll, harmonisk moll og melodisk moll.

Den naturlege mollskalaen er bygd opp av følgjande intervall: heiltone, halvtone, heiltone, heiltone, halvtone, heiltone, heiltone. Desse intervalla er dei same som ein får om ein begynner ein durskala på det sjette trinnet (seksten). C-dur-skalaen går C D E F G A H, så A-naturleg-moll går A H C D E F G

Harmonisk moll tar utgangspunkt i naturleg moll, men har heva septimen (det sjuande trinnet) med ein halv tone, slik at spranget frå sjette til sjuande trinn er ein og ein halv tone: A H C D E F G#. Det heva sjuande-trinnet gir ein leietone til grunntonen. Dette er den mest brukte mollvarianten frå barokkens tid, ettersom det opnar for ein lettare dominantisk tilbakekomst, som òg er vanleg i korallharmonisering.

Melodisk moll har heva 6. og 7. trinn på rørsler som går oppover, og senka 6. og 7. trinn på rørsler som går nedover.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]