Monofoni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Monofoni tyder innan musikken einstemmigheit. Før kring 800-talet var monofon musikk det normale. Eit kjend døme på monofoni er gregoriansk song.

Monofone musikkinstrument kan berre spele ein tone av gangen og kan derfor ikkje spele akkordar. Døme på monofone instrument er dei fleste messing- og treblåseinstrument, som trompet og klarinett.

Dette må ikkje forvekslast med monofoniske lydinnspelingar (mono) der musikk vert gjengjeven i éin lydkanal i motsetnad til stereo og surround der to eller fleire lydkanalar vert nytta; mono-innspelingar er fullt i stand til å gjengje polyfonisk musikk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]