Morgan Hurd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Morgan Hurd


Statsborgarskap USA, Folkerepublikken Kina
Fødd 18. juli 2001 (22 år)
Wuzhou
Idrett turn
Tok del i

Panamerikanske leker 2019

Morgan Elizabeth Hurd (fødd 18. juli 2001) er ein USA-amerikansk turnar, adoptert frå Kina. Ho vart i 2017 verdsmeister i mangekamp. Året etter vann VM-gull med USA sitt mannskap i lagkampen.

Hurd gjekk til topps i mangekapen ved Turn-VM 2017 i Montreal, ein meisterskap der ho også vann bronse i bom-øvinga. Under Turn-VM 2018 i Doha fekk ho gullmedalje i lagkampen, saman med mellom andre Simone Biles. Hurd sikra seg også sølvmedaljen i frittståande, bak nemnde Biles. Dessutan la Hurd beslag på bronseplassen i mangekampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]