Motorola 68000

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tidleg 68000-prosessor frå 1979

Motorola 68000 er ein 16-bits CISC-prosessor som vart produsert hjå Motorola i NMOS-teknologi frå 1979 til 2000. Nemninga 68000 kjem av at den integrerte krinsen var sett i hop av om lag 68.000 transistorar. Motorola 68000 har vorte nytta både i tidlege utgåver av Apple Macintosh, i Commodore Amiga og i Atari ST. Han vart ogso teken i bruk i spelkonsollmaskinen Sega Megadrive og i TI-89-kalkulatoren frå Texas Instruments.

Mikrokontrolleren ColdFire, som i dag vert produsert av Freescale Semiconductor, er Assembler-kompatibel med den gamle 68000-arkitekturen.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bacon, J., The Motorola MC68000: An introduction to processor, memory and interfacing, Prentice Hall, 1986.
  • Clemetc, A., Microprocessor systems design: 68000 hardware, software, and interfacing, PWS-Kent Publishing Company, 1987.
  • Williams, S., Programming the 68000, Sybex, 1989.
    Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.