Mount Whitney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mount Whitney sett frå aust

Mount Whitney er eit 4 421 meter over havet høgt fjell i delstaten California i USA. Fjelltoppen er den høgste i USA utanom delstaten Alaska. Mount Whitney ligg i den austlege ytterkanten av fjellkjeda Sierra Nevada i California. Sjølve fjelltoppen reiser seg langs grensa mellom Sequoia nasjonalpark og Inyo nasjonalskog.

Tre mann som budde i landsbyen Lone Pine steig i 1873 til topps på Mount Whitney som dei fyrste menneska.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]