Den vesle brystmuskelen
Den vesle brystmuskelen (musculus pectoralis minor) er ein slank, triangulær muskel i den øvre delen av brystet, like bakom den store brystmuskelen. Den støyter ytterpunktet av skuldra nedover og dreg skulderbladet ned og framover mot brystet.
Struktur[endre | endre wikiteksten]
Muskelen har utspring i øvre rand og ytre flate av tredje, fjerde og femte ribbein, nær ribbeinsbrusken, frå aponevrosane som dekker dei ytre mellomribbemusklane. Muskelfibrane passerer superiort og lateralt, og konvergerer i ei flat sene med feste i den mediale randen og øvre flata av ramnenebbet i skulderbladet.
Relasjon[endre | endre wikiteksten]
Muskelen er dekt på framsida, superfisielt, av ei tynn bindevevshinne, eller fascie, kalla det korakoklavikulære bandet. N. pectoralis medialis trengjer gjennom både muskelen og bindevevet.
Lymfeknutar i armhòla, aksillære lymfeknutar, er delt inn i høve til sine relative stoder til muskelen. Nivå I ligg lateralt, nivå II djupt og nivå III medialt til muskelen. Muskelen kløyver armhòlearterien i tre delar, men med motsett inndeling: første del ligg medialt, andre del djupt eller posteriort og tredje del lateralt til muskelen.
Variasjon[endre | endre wikiteksten]
Senefestet kan strekke over ravnenebbet til tuberculum majus i overarmsbeinet. Den kan vere kløyvd i fleire delar. Fråvær av muskelen er sjeldsynt, men kan førekoma ved somme uvanlege sjukdommar, til dømes ved Polands syndrom.
Funksjon[endre | endre wikiteksten]
Muskelen er ein depressor. Den trykker ned ytterpunktet av skuldra og dreg skulderbladet nedover og framover mot brystet, og skuv den nedre vinkelen av skulderbladet (angulus inferior scapulae) bakover.
Galleri[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Pectoralis minor muscle» frå Wikipedia på engelsk, den 11. november 2016.
- Denne artikkelen har bygd inn tekst frå ei offentleg utgåve av Gray's Anatomy.