Offentleg eigedom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Offentleg eigedom er eit omgrep som viser til noko som er eigd av samfunnet, hovudsakleg fast eigedom eller åndsverk.

Når omgrepet er brukt om fast eigedom, som jord og bygningar, viser det vanlegvis til eigedom der staten er eigaren. Nokre slike eigedommar er tilgjengelege for allmugen, til dømes bibliotek, nasjonalparkar eller politistasjonar, medan andre er stengde, som militærleirar, kjerneforskingsinstitusjonar og fleire statlege kontor.

Når «offentleg eigedom» er brukt i samband med åndsverk, viser det til verk som ikkje er verna av opphavsrett. Dette skjer vanlegvis fordi opphavsretten er forelda. I Noreg er dette 70 år etter døden til opphavsmannen, eller 70 år etter at åndsverket blei gjeve ut dersom opphavsmannen ikkje er identifisert i publikasjonen. I nokre land er det i tillegg mogleg for opphavsrettshaldaren å gjeva slepp på alle rettane sine i høve til verket, og slik gjera det til offentleg eigedom. I fleire land, mellom anna Noreg, er dette ikkje mogleg ifølge Åndsverklova. I USA er derimot alle åndsverk laga av statleg tilsette i arbeids medfør etter lova offentleg eigedom («public domain»).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]