Musevisa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Når nettene blir lange og kulda setter inn
da sier vesle musemor til ungeflokken sin:
«Hvis ingen går i fella, men passer seg for den
skal allesammen snart få feire jul igjen!»

Alf Prøysen: Samlede viser og vers (1978) b. 2 s 101

«Musevisa» er ein julesong skriven av Alf Prøysen i 1946.

Det var Lauritz Johnson som bad Prøysen om å lage nokre barneviser til jul for radio. Ei av visene Prøysen skreiv, var «Musevisa».[1] Han debuterte i radioen med denne songen i ein barnetime leia av Onkel Lauritz.[2]

Songen har åtte vers, og handlar om korleis mysene feirar jul. Dei har det enkelt, men morosamt: «Om julekvelden da skal alle sammen være gla'!». Melodien er ein gammal reinlender.

Korleis gjekk det med mysene?[endre | endre wikiteksten]

I 2008 hevda Vidar Lønn Arnesen i boka Da Capo at songen opphavleg hadde eit anna sistevers: «De feiret julekvelden til det ble langt på natt, /men så ble alle spist av en sulten gammel katt.» Det vraka verset skulle ha blitt funne og teke vare på av ei vaskekone. Det vart ein del oppstyr om dette i pressa, og etter nokre dagar melde ein person seg og fortalde at det var han som hadde skrive verset som ein spøk.[3]

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]