Númenor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Númenor (alvisk: Vesterland), er eit land i J.R.R. Tolkien si diktarverd. Det svarar om lag til Atlantis.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Númenor vart gjeve som gåve til dei menneska som hadde kjempa i lag med alvane i første heimsæva, dei ættene som vart kalla Edain. Valane hevja opp ei øy som vart kalla Elenna, som låg vest i havet, men ikkje i Midgard. Her skulle edain få bu, og frå då av vart dei kalla Dúnedain.

Soga om andre heimsæva er i mange høve soga om Númenor. Den første kongen der var halvalven Elros Tar-Minyatur (bror av Elrond) som valde å leva som menneske. Han fekk leva i verda i fem hundre år. Etterkomarane hans sat som kongar og stormenn i det landet i over 3000 år av andre heimsæva.

Númenorsfolket vart store sjøfararar, men dei hadde ikkje løyve til å fara til Aman og dei udøyelege landa. Som tida gjekk tok dette til å plage dei, og dei vart misunnelege på alvane som levde æveleg. Med tida vart denne misunninga til hat og høgferd, og folket og kongen vende seg bort frå alvane, utom ein liten flokk som framleis heldt på venskapen med dei. Desse vart med tida sett på som svikarar mot kongen.

Sistpå sytte den siste kongen, Ar-Pharazôn, for å kue Sauron og ta han med seg attende til Númenor. Sauron greidde å forgjera kongen og alle tilhengjarane hans, og det enda med at kongen rusta ein stor flåte for å gå til åtak på Aman. Då dette hende, kalla ManwëEru, og Númenor sokk i havet. Berre ni skuter slapp unna, førd av Elendil og sønene hans, som tufta rika Gondor og Arnor i Midgard. Desse vart og nederlaget for Sauron på enden av andre heimsæva.

Den fulle soga om desse hendingane vart kalla Akallabêth, og Tolkien skriv på slutten av teksta at Númenor sidan vart kalla Atalantë (den nedfalne). Her er sjølve namnet eit peik mot namnet Atlantis.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Númenor var skipa som ei ujamn stjerne med fem nes, to i sør, to i nordvest og nordaust og eitt beint i nord. Midt på øya låg hovudstaden, attmed det høge berget Meneltarma midt på øya. På toppen av dette berget låg ein heilagdom som var vigd Eru. Etter nedfallet vart det sagt at nuven av Meneltarma stod att som ei øy midt i havet. Landet låg om lag der den store Atlanterhavsryggen ligg i dag, noko nærare vesterlanda enn Midgard.

Dei «nye landa» vestpå, som i Midgardsmytologien svarar til Amerika, vart skapte om lag samstundes med at Númenor fall.