Nakhi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nakhikvinne i Lijiang i nasjonal drakt

Nakhi eller (pinyin etter det kinesiske namnet) naxi (forenkla kinesisk 纳西族; tradisjonell kinesisk 納西族; pinyin nàxī zú) er eit av 55 minoritetsfolk som lever i Kina. I Kina er det 260 000-300 000 nakhi.

Dei fleste nakhifolk bor i Yunnan-provinsen i det sørvestlege Kina, ein av dei 25 minoritetane i provinsen. Det blåkledde folket er mellom anna kjend for kvinners leiande rolle i samfunnet, borna høyrde til mora. Senteret for nakhi-kulturen er byen Lijiang, som står på UNESCOs liste over verdas kulturarv. Det har vorte sagt at nakhiane stammar frå tibetanske nomadar.

Nakhifolket sine sjamanar brukar tradisjonelt eit eige biletskriftspråk kalla donga (hieroglyfar). Trass i at det er eit relativt enkelt skriftspråk, finst det i dag berre få nakhifolk som kan skrive med det.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nakhi