Namnet Carmen
Carmen er eit spansk kvinnenamn med opphav i det hebraiske ordet karmel som tyder 'hage'. Det er eit mykje brukt namn i spansktalande område, og kan også opptre som etternamn.
Variantar av namnet er Carme, Carmel, Carmela, Carmelita, Carmella, Carmina og Carmo Mannlege former er Carmelo og Carmine.
Ordsoge[endre | endre wikiteksten]
«Carmen» er danna av den spanske katolske tittelen La Virgin de Monte Carmen, 'Jomfru Maria av Karmelberget'. Karmelberget er eit fjellmassiv i den nordlege delen av Israel. Fjellet er nemnt i Bibelen. Det hebraiske ordet karmel (hebraisk כַּרְמֶל) tyder 'hage'. Danninga av varianten «Carmen» er påverka av det latinske ordet carmen, som tyder «song».
Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]
- Carmen Conde (1907–1996), spansk lærar og forfattar
- Carmen Miranda (1909–1955), portugisisk-brasiliansk songar og skodespelar
- Carmen Garayalde (1913–2002), uruguayansk lærar, politisk aktivist og kunstnar
- Carmen McRae (1920–1994), amerikansk jazzsongar
- Carmen Laforet (1921–2004), spansk forfattar
- Carmen Martín Gaite (1925-2000), spansk forfattar
Etternamn[endre | endre wikiteksten]
- Sybil Carmen (ca. 1890–1929), amerikansk skodespelar og dansar
- Jewel Carmen (1897–1984), amerikansk skodespelar
- Jean Carmen (1913–1993), amerikansk skodespelar
- Jeanne Carmen (1930–2007), amerikansk modell og skodespelar
- Ira Carmen (f. 1934), amerikansk professor
- Eric Carmen (f. 1949), amerikansk songar og låtskrivar
- Phil Carmen (f. 1953), sveitsisk musikar og produsent
- Julie Carmen (f. 1954), amerikansk skodespelar
- Marie Carmen (f. 1959), kanadisk songar og skodespelar
- Richard Carmen (f. 1968), amerikansk skodespelar
- Loene Carmen (f. 1973), amerikansk skodespelar
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Carmen (navn)» frå Wikipedia på bokmål, den 26. juni 2021.