Namnet Mai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den japanske kunstløparen Mai Asada.
Den australske landhockeyspelaren May Campbell.

Mai, Maj og May er kvinnenamn og slektsnamn av ulike opphav, ofte knytt til månaden mai. Mai har namnedag den 7. mai.

Tydingar[endre | endre wikiteksten]

Namnet kan vera ei nordisk, opphavleg svensk kortform av Maria. Det er i denne samanhengen i slekt med Maia og Mia.

Det engelske namnet May kan stamma frå månaden mai (eng. May), eit namn på hagtorn og som ei kjæleform av Mabel, Mary og Margaret. May kan også vera eit engelsk slektsnamn.

Mai er eit vietnamesisk kvinnenamn og slektsnamn som betyr 'gylden blom', og viser til blomane på treet Ochna integerrima som blir brukt som lukkesymbol under vietnameisk nyårsfeiring.

Det kan brukast av hmongfolk om den einaste eller yngste dottera i ein familie. Det er også eit japansk kvinnenamn som tyder 'dans'.

Mài er eit kinesisk slektsnamn (麥 med tradisjonell kinesisk skrift).

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]