Napo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Napo (Río Napo) er ei elv på 1 480 km som renn gjennom Ecuador og Peru. Ho har sine kjelder i fjellsidene på vulkanane Antisana, Sincholaga og Cotopaxi og renn ut i Amazonaselva ved Francisco de Orellana i Peru.

I 1541 drog Francisco de Orellana frå byen som har namn etter han, Puerto Francisco de Orellana, først ned Napo til Amazonaselva i Gonzalo-Pizarro-ekspedisjonen på søk etter El Dorado, deretter tvers over det søramerikanske kontinentet til munningen av Amazonaselva.