Negotiorum gestio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Negotiorum gestio eller ubedd forretningsføring er eit rettsleg omgrep som inneber at ein person varetar interessene til ein annan på vegne av denne, utan først å ha fått godkjenning eller ha blitt beden om å gjere det. Eit eksempel er at ein oppdagar ein vasslekkasje hos naboen som er på ferie, og straks bestiller røyrleggar. Naboen vil då ha plikt til å betale for røyrleggaren. Vilkåret er at det er snakk om eit tiltak som ein må gå ut frå at den andre ville ha ønskt å gjere viss han hadde vore i stand til å treffe ei avgjerd sjølv.[1] Reglane om negotiorum gestio kan gje krav på erstatning og dei kan frita for straff, f.eks. vil ein kunne gå fri for straff for innbrot dersom ein knuser vindauget til naboen for å stoppe vasslekkasjen. Som straffridomsgrunn blir prinsippet ofte sett på som ein del av naudretten.

Negotiorum gestio skriv seg frå romerretten og finst som prinsipp i dei fleste vestlege land. I Noreg er reglane ulovfesta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Andenæs, J. (2004) Alminnelig strafferett. 5. utg. Oslo, Universitetsforlaget, s. 191.