Nihilisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nihilisme (frå latinsk nihil, ingenting) er ein filosofisk posisjon som argumenterer for at tilværet ikkje har nokon objektiv meining og at det ikkje finst sekulær moral. Nihilisme som filosofisk uttrykk vart først introdusert av Friedrich Heinrich Jacobi for å karakterisera rasjonalisme og særleg Immanuel Kant sin kritiske filosofi. Han ynskte å visa at rasjonalisme var i yttarste konsekvens nihilisme og dermed noko som burde unngåast.

Nihilisme skil seg ifrå skeptisisme ved at skeptisisme ikkje nektar for at det finst sanning; skeptisismen ville berre nekta for dette om det fanst nok empiriske bevis. I tillegg kjem ikkje skeptisismen til nokon konklusjon når det gjeld moral.

Nihilisme vert ofte assosiert med filosofen Friedrich Nietzsche som brukte nihilismen i sine skriflege verk. Sjølv om omgrepet i dag ofte vert nytta for å brennemerke ateistar generelt, og særleg Nietzsche sitt verdssyn, retta han det mot kristendommen. Nietzsche synest at kristendommen fornektar den fysiske verda i favør av eit ideal som ikkje eksisterer. Nihilismen er ifølgje Nietzsche ei dekadent kulturutvikling som må overvinnast.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]